Viktig informasjon om koronavirus / Information about corona virus

Aktuelt

Ikkje nødvendig å melda seg opp til koronavaksinasjon i Sokndal kommune nå.

Klikk for stort bilde 

Sokndal kommune held på med vaksinering av bebuarar på sjukeheimen. Etter dette går vi vidare med dei eldste, over 85 år, og deretter ned 10 år om gongen til 65 år. Dei som står for tur, vil få telefon frå kommuen med tilbod om vaksinasjon, samt tidspunkt og stad for ein eventuell vaksinasjon

Kommunen har liste over alle innbyggjarane over 65 år med telefonnummer, så det er ikkje nødvendig å melda seg til kommunen.

 

Når vi kjem til dei med underliggjande sjukdommar under 65 år, vil vi få lister frå fastlegane kven dette gjeld. Fastlegane vil bruka eit dataprogram som finn dette i journalsystemet deira. Vi vil også innhenta opplysningar frå fastlegar i Eigersund og Flekkefjord.  I tillegg vil vi annonsera når vi kjem så langt, slik at folk som ikkje har fått innkalling, kan melda seg.

 

Vi vil også etter kvart senda brev til bedrifter i Sokndal, slik at arbeidarar og gjester som oppheld seg i Sokndal over tid, kan melda seg for vaksine.

 

Koronatelefonen i Sokndal svarer også på spørsmål om vaksine, tlf. 51 47 07 07

Til toppen