Kommuneoverlegen: - Ikkje eit større smittepress i Sokndal enn andre stader

Regjeringa har bestemt å videreføre dei strengaste smitteverntiltaka til 20. april. Deretter er målet å åpne samfunnet igjen gradvis og kontrollert. Per 8. april er det fem personar med påvist koronasmitte i Sokndal kommune

Barnehagane, 1.- 4. trinn i grunnskolen og SFO vil bli åpna igjen, og regjeringa vil i slutten av april oppheve forbodet mot å overnatte på hytta. Frisører og andre verksemder med ein-til-ein-kontakt vil få begynne si verksemd igjen dersom dei følgjer krav om smitteverntiltak. Endringane vil skje gradvis i løpet av april.

Likevel vil Sokndal kommune på det sterkaste understreke at det blir viktig at alle fortset å følgje anbefalingane og reglane frå helsestyresmaktene, også i og etter påskeferien.

- Kampen mot viruset er ikkje vunne, og vi må nok som statsministeren sa på pressekonferansen på tirsdag belage oss på strenge smitteverntiltak i lang tid framover. Vi har framleis alle eit ansvar for å gjere det vi kan for å bremse smittespreiinga, seier ordførar Jonas Andersen Sayed.

Om den lokale smittesituasjonen er status på antall smitta i Sokndal fem personar med påvist smitte av koronaviruset.

- Det er no påvist fem personar med smitte i Sokndal kommune, og truleg får vi eit positivt prøvesvar til om nokre dagar. Ingen av desse har vorte smitta her, og det har heller ikkje vore lokal smittespreiing. Dei som har vore nærkontaktar har vi tatt kontakt med, seier kommuneoverlege Inger Skretting Opstad.

Dei som blir testa nå, er helsepersonell, sjukehuspasientar,  bebuarar på institusjonar, kronisk sjuke over 65 år og nærkontaktar til smitta, i kombinasjon med at dei har symptom. Ingen uten symptom blir testa. Fordi det er små og oversiktlege forhold i Sokndal, ønskjer kommuneoverlegen ikkje å gå ut med opplysningar om helsetilstand eller alder og kjønn til dei som har testa positivt i kommunen så langt.

- Folk i Sokndal treng likevel ikkje vera redd for at det er eit større smittepress i Sokndal enn andre stader, og vi har ingen påvist smitte på Solbø, understrekar ho.

- Det er derimot kjempeviktig at held trykket oppe og at alle alle er med på førebygging med å vaska hender, halda avstand og vera heime når ein er forkjølt eller har andre symptom på luftvegsinfeksjon. Gå deg gjerne en påsketur i finveret, men anbefalingane om å halde seg mest mogleg heime og å unngå unødige fritidsreiser gjeld framleis, avsluttar kommuneoverlege Inger Skretting Opstad.