Utdeling av hurtigtester - ring på forhånd

Her finner dere informasjon vedr henting og bruk av hurtigtester:

Servicekontoret har for tiden stor pågang for henting av hurtigtester. Vi ber alle som skal hente hurtigtest om å lese informasjonen nedenfor. Det er svært viktig at dere ringer på forhånd slik at vi unngår en eventuell smittesituasjon.

Sjølvtesting med antigen hurtigtestar kan no nyttast ved luftvegssymptom  i staden for PCR-test på legekontoret. Er du sjuk slik at du treng legeundersøkelse, bør ein ta PCR-test. Dersom hurtigtest heime slår ut, skal ein også ta PCR test.

  • Dersom du ikkje ønskjer å ta testen sjølv, kan du bestilla time på legekontoret.
  • Ved nye luftvegssymptom tilrår vi test, også hos vaksinerte.
  • Sjølvtesting med antigen hurtigtest kan nyttast dersom det elles ikkje er grunn til legeundersøking.
  • På dagtid klokka 07:30 - 15:00 tar du kontakt med resepsjonen på Soknatun på telefon og avtalar henting av test. Ikkje møt opp direkte! Telefon 51470600
  • Utanom kontortid fram til klokka 21, kan du kontakta Thildatunet, Solbø sjukeheim og avtala henting av test. Ikkje møt opp direkte! Telefon 40447171
  • Du får utlevert testmateriale og bruksanvisning til test som skal tast i framre nase.
  • Ved positiv test, går du i isolasjon samt avtalar PCR-test på legekontoret. Sjå lenke under.

          https://www.helsenorge.no/koronavirus/karantene-og-isolasjon/

  • Ved positiv test ringjer du kommuneoverlege eller smittesporingsteam telefon 99793721/94805918.
  • Sjølv om testen er negativ, skal du vera heime til du er frisk eller i tydeleg betring. Sjå under for meir detaljerte råd frå Fhi.

         https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/befolkningen/hva_skal_du_gjore_ved_nye_luftveissymptomer/?term=&h=1

Vi har ikkje anledning til å dela ut testar til å ha heime for eventuelt bruk. Dei er berekna til å brukast der ein elles ville tatt test på legekontoret.

For testing i samband med utanlandsreiser, bestiller ein test på legekontoret. Dei tar då anten antigen hurtigtest eller PCR test.