Angående besøk på Solbø sjukeheim - Korona

Vi frarår no besøk av personar som har eller har hatt luftvegsinfeksjon siste 14 dagar. Det gjeld anten ein har vore i smitteområde for koronasmitte eller ikkje.

Smittetal for koronavisus (COVID-19)  stig no raskt i Norge.

Eldre og personar med kroniske sjukdommar, er meir utsett enn andre for alvorleg forløp ved koronasmitte.

Helsedirektoratet frarår difor besøk i sjukeheimar og omsorgsbustader av følgjande personar:

  • Personar som har vore i område med vedvarande spreiing av COVID-19 siste 14 dagar
  • Personar som siste 14 dagar har vore i nærkontakt med person som er bekrefta smitta med COVID-19
  • Personar som siste 14 dagar har hatt teikn til luftvegsinfeksjon.

 

Sjølv ved lette symptom med snue, frarår vi besøk.

Dersom besøk er viktig, ta kontakt med avdelinga per telefon.

Kontakt oss