Positiv prøve Covid 19 i Sokndal kommune

Det er påvist postiv prøve på Covid 19 hos ein besetningsmedlem på skip i Jøssingfjord. 

Personen har kome frå Ukraina, og det vart tatt prøve på flyplassen på Sola. Han er isolasjon. Det har ikkje vore nærkontaktar under reisa frå Sola til Jøssingfjord, og ingen nærkontaktar i Sokndal. Det er tatt prøve av alle besetningsmedlemmene, og desse prøvane er negative. Det vil verta gjort oppfølging med ny prøve i løpet av nokre dagar før ein kan seia sikkert om andre er smitta eller ikkje.