Testing for koronavirus - 15.02.2022

Alle vaksne som har symptom på korona, bør testa seg og halda seg heime. Dette gjeld også for vaksinerte. Testar du negativt og fortsatt har symptom, kan du ta ein ny koronatest etter 2-3 dagar. Dersom du bare har lette symptom, treng du ikkje halda deg heime mellom dei 2 testane. Det er ikkje nødvendig å testa barn.

Dersom du er nærkontakt til ein smitta, testar du deg dersom du får symptom.