Skog – ei gullgruve på rot!

Gratis fagdag på Helleland. Bli med på Skogselskapet sin fagdag om korleis du kan henta mest mogeleg ut av skogen din!

 

Stad: Landbrukssenteret, Sirdalsveien 38 Helleland

Tidspunkt: Laurdag 9. mars. 24 kl. 10.00 – 16.00

Fagdagen er sett saman av ein innedel før Skogselskapet spanderar lunsj.  Ettermiddagen brukar me ute i skogen der me ser på bestandar i ulike stadier, frå nyplanta til hogstmoden skog.

Fagansvarleg er Per Helle, instruktør frå Skogkurs.

Påmelding innan torsdag 7. mars. på e-post rogaland@skogselskapet.no eller tlf. 973 00 095

Program: 

10.00 – 12.30

Inntektsmoglegheiter i gammelskogen

  • Kva verdi kan eit velstelt plantefelt ha?
  • Kva kjenneteiknar hogstmoden gamalskog?

For tideleg hogst – store inntektstap

  • Kva taper eg ved for tidleg hogst?
  • Korleis unngå å hogga for tidleg?

Skogfond – formidabel effekt på lommeboka

  • Kva skuldast den store effekten?
  • Korleis bereknar eg effekten på eigen eigedom?

12.30

Lunsj

13.00 – 16.00

Gode eksempel på velskjøtta skog i lokale bestandar. Transport i eigne bilar.