Status koronavaksinasjon 19. mars 2021

 

Alle over 80 år skal no ha fått tilbod om vaksine. Dersom nokon likevel ikkje har fått dette, kan dei kontakta koronatelefonen 51 47 07 07. Det er vaksine frå Pfizer som vert gitt.

Alle som får vaksine i Sokndal no, får vaksine frå Pfizer. Vaksinering med AstraZenica sin vaksine er fortsatt på pause i Norge, sjølv om EU har starta opp igjen med vaksinering med denne.

 

Vi følgjer anbefalingane frå Folkehelsinstituttet som fortset arbeidet med å gjera ein grundig gjennomgang av situasjonen, om det kan vera samanhang mellom vaksinen og alvorlege biverknader med blodpropp, lågt blodplate-tal og blødningar. Dei vil koma tilbake med ny vurdering i slutten av veke 12.

 

For dei som har fått Astra Zenicavaksine, gir vi følgjande råd:

FHI ber alle som er vaksinert med AstraZeneca-vaksinen og som har vedvarende sykdomsfølelse, uvanlige blåmerker eller tegn til blødninger i huden eller andre tegn på alvorlig sykdom om å kontakte helsetjenesten for en vurdering. Pasientene med alvorlig blodpropp, blødninger og lave blodplater har fått symptomer innenfor 14 dager etter vaksinasjon.

 

Det er enno ikkje avklart om 2. dose vaksine for dei som har fått 1 dose AstraZenica-vaksine. Etter planen skal dei ha ein ny  vaksinedose etter 12 veker.

Vi reknar med at det vert avklart før den tid kva vaksine dette vert.