Strengare rutiner ved besøk på Solbø sjukeheim

 

 

På gunn av auka smitte i Norge, skjerpar Sokndal kommune inn reglar for besøk på Solbø.

Dersom du har vore i utlandet, er det forbod mot å besøkja sjukeheimen til det har gått 10 dagar etter heimkomst. Dette gjeld også om du har vore i eit «grønt» land. Grunnen til dette er at mange av dei nye smittetilfella i landet  skuldast at folk har vore i utlandet. Dei fleste «grønne» land har også meir smitte enn Norge.

Utanom dette gjeld dei vanlege reglane at dei som kjem på besøk, må vera friske og ikkje i karantene eller isolasjon på grunn av smitte. Vi gjer unntak for kritisk sjuke, der vi tillet besøk med smitteverntiltak etter avtale.

Vi tilrår det same for besøksreglar for omsorgsbustader, men her er det bebuar som bestemmer.

Det er også strengare reglar for dei som arbeider på sjukeheimen, og anna helsepersonell. Dei må korona-testast  før dei begynner på arbeid dersom dei har kome frå utlandet siste 10 dagar.

 

Kommuneoverlege for Sokndal kommune