Vedtak - Opning av idrettsbanar

 Vedtaket er gjort av kommuneoverlegen med heimel i Smittevernloven § 4.1

Vedtak: 

Idrettsbanane på Hauge og i Åna-Sira vert opna på følgjande vilkår.

  • Max grupper på 5 personar og minimun avstand 2 meter
  • Ikkje ta på same utstyr
  • Kvar idrett lagar eigne kjørereglar
  • All aktivitet bør vera under oppsyn av vaksne
  • Garderobar og fellesdusj er stengt

Foreløpig er idrettshallen stengt då det er vanskelegare å halda avstand ved inneaktivitet.

Det kan verta endringar ut frå tilrådingar frå Helsedirektoratet, og også dersom vilkåra ikkje vert følgt.

Vedtaket gjeld frå 2. april 2020 og til anna vedtak er gjort.